Reviews RCD2222

Ein skulle kanskje tru at Vince DiCola komponerte Krokofant si opningslåt «Watcher Of The Fries» til Rocky IV. Det er ein eksplosjon av triumferande 80-tal som sprutar frå saksofonen til Jørgen Mathisen over i Tom Hasslans hylande melodigitar, kun avbrutt av enorme brekk frå trommis Axel Skalstad og «orchestra hits» frå synthorkesteret Ståle Storløkken. Og så Rocky Bassboa sjølv - Ingebrigt Håker Flaten. (Ver så snill å ha «Training Montage» som walk on-musikk ein gong, Krokofant!). Ein skal passe seg for å bli Storløkkenblasert. Stopp opp, kjenn etter. Det er så fryktelig, fryktelig sterkt! Eg høyrde soloen hans på «Watcher Of The Fries» fire-fem gongar før eg klarte å gå vidare på Krokofants femte album. «Big Heavy Thing» held fram i same 80-talssporet, og igjen er Storløkken ute med sin altetande kreativitet. Han kuttar lyden frå orgelet rytmisk, han spring av garde med fingrane i linjer eg trur aldri har blitt formulert. Ingebrigt Håker Flaten sitt forvrengte tritonusriff mot slutten av låta byggjer opp til finalen.Krokofant skal som oftast ha progen sin fengjande, og på Fifth når dette nye høgder. «Fire Flat Pennies» hentar akkordprogresjonar som smakar av distorted slow motion progbossanova. Det komisk glade riffet som kjem gjer at eg ler høgt. Lurer du korleis det hadde vore om Ingebrigt Håker Flaten i eit parallelt univers var bassist i Mezzoforte? Krokofant gir deg svaret. Når plata nærmar seg slutten og «Pretty Frypan» gjennom 12 minutt flyr oss verda rundt sit eg igjen med tanken – dette er lykkelig musikk! Denne musikken får alt den treng og meir til. Det Krokofants femte ropar om, er ei overkokt klubbscene.
Jazznytt (NO)

https://salt-peanuts.eu